Vil du vera med på laget? Meld deg som friviljug!
Ein festival er mykje meir enn musikk og program. Han er smil i billettluka, latter bak scena, kaffikoppar i morgonsola og folk som stiller opp for kvarandre.
Når du blir friviljug, blir du ein del av Gaukenlaget. Nye vener, gode minne og kjensla av å yte noko som betyr noko; både for publikum og for dei rundt deg! Her er det plass til alle, og innsatsen din vil bli høgt verdsett.
Bli med på laget! Me gler oss til å lage festival med deg.