Billett & akkreditering
Dette er festivalen sitt blide førsteinntrykk! Du er ein del av den trivelege gjengen som tek imot publikum med smil, hjelp og svar på det meste. Her blir billettar bytt til festivalband, spørsmål får svar, og hittegods finn vegen heim att.
Du møter «alle», løyser små og store utfordringar – og er med på å setje stemninga frå fyrste sekund.
Arbeidstid: Dag og kveld under festivaldagane
Passar for: Deg som likar folk, trivst i team, er hjelpsam og har eit smil på lur.
Transport / rånar
Bak kvar god konsert står ein rånar som får artistane trygt fram! Som sjåfør er du artisten sin faste kontakt – du hentar, fær dei fram og syter for at dei kjem seg til lydsjekk, konsert og kvile når dei skal.
Du får ein variert arbeidsdag, får møte mange ulike folk og får vera ein viktig del av maskineriet bak festivalmagien.
Arbeidstid: Dag og kveld – før, under og etter festivalen
Passar for: Trygge, punktlege og sjølvstendige sjåførar som kjenner vegane. Ekstra pluss om du kan stille med eigen bil eller har meir enn førarkort klasse B. (td. D1, D1e og BE)
Matsal / catering
Utan mat og drikke – ingen festivalheltar! På kjøkenet er du med og skaper gode måltid og endå betre stemning for crewet som jobbar dag og natt. Her blir det preppa, servert og samarbeidd i høgt tempo – med mykje latter og lagkjensle.
Du treng ikkje vere stjernekokk, berre glad i kjøkenliv, mat og godt samarbeid.
Arbeidstid: Dag og kveld, før og under festivalen
Passar for: Ryddige, serviceinnstilte og matglade lagspelarar.
Festivalrigg
Her byggjer vi festivalen frå botn av! Festivalriggen syter for at arenaen står klar når portane opnar. Du får vere med på alt frå scene- og teltbygging til gjerding, lasting og klargjering av infrastruktur. Når festivalen er ferdig pakkar me han fint i hop att:).
Fysisk arbeid, ekte lagånd – og ein enormt viktig jobb som verkeleg gjer ein forskjell.
Arbeidstid: Dag og kveld, før, under og etter festivalen
Passar for: Deg som likar å bruke kroppen, byggje ting og vere hands-on. Erfaring er ein bonus, men ikkje eit krav. Ekstra pluss med truck lappen.
Dekor & skilt gruppa
Vil du setje ditt preg på festivalen? Dekogruppa er dei som gjer området levande, fargerikt og heilt unikt. Her blir det laga skilt, hengt opp lyslenkjer, bygd hemmelege krokar og skapt små wow-opplevingar rundt om på arenaen.
Kreativitet, idémyldring og praktisk arbeid går hand i hand.
Arbeidstid: Før festivalen (arbeidshelg), opprigg og under nedrigg
Passar for: Kreative sjeler som likar å lage, måle, bygge og få idear ut i livet.
Trivselsvakter
Trivselsvaktene er festivalen sitt ekstra auge og varme hjarte. Du er der publikum er og sørgjer for at folk har det bra, kjenner seg trygge og får hjelp når dei treng det.
Du svarar på spørsmål, sjekkar band, hentar hjelp om noko skjer, og bidreg til god stemning på arenaen. Ei viktig og lærerik rolle, også for deg utan tidlegare vakterfaring.
Arbeidstid: Dag og kveld under festivalen
Passar for: Ansvarsbevisste, utadvendte og menneskeglade folk som held hovudet kaldt.
Servering / bar
Likar du puls, folk og festivalstemning? Då er baren plassen for deg! Her jobbar du i team med servering til tørste festivalgjestar i høgt tempo.
Du må vere positiv, utadvendt og klar for å ta i eit tak – gjer deg klar for masse artige møte, energi og gode opplevingar.
Arbeidstid: Dag og kveld under festivalen
Passar for: Serviceinnstilte, sosiale og energiske frivillige. Har du barerfaring, er det gull – men ikkje eit krav.
Miljø
Vil du vera med og gjera festivalen grønare? Miljøgruppa syter for at området er reint, ryddig og triveleg gjennom heile festivalen. Du jobbar med rydding og kildesortering, og er ein viktig del av festivalen sitt miljøansvar.
Ein jobb som både synest og betyr noko.
Arbeidstid: Dag og kveld, før, under og etter festivalen
Passar for: Deg som bryr deg om miljøet og likar fysisk arbeid.