GAUKENFESTIVALEN
Midt i tjukkaste Telemark, omkransa av fjell, vatn, myr og mytologi, ligg Vinje – og her, på og rundt kulturhuset Vinjar, blir Gaukenfestivalen arrangert.
Ein sjangerfri og inkluderande musikkfestival bygd på dugnadsånd, lokale ressursar og tru på at noko stort kan skje også i grisgrendte strøk.
Gaukenfestivalen blei til etter fleire år med spirande festivaldraumar og ein stadig sterkare trong til å skape nye møteplassar i Vinje. Frå støvete minne om Bøgrend Autofest og ei felles kjensle av at bygda treng noko å samlast om, vaks idéen fram: Ein ny festival som ikkje berre inviterer til musikkopplevingar i særklasse, men òg feirar staden, folket og fellesskapen. I 2026 går den første utgåva av stabelen.
Gauken er ikkje bunden av sjanger eller trend. Du vil finne både kjende og meir ukjende artistar på plakaten, her møtest grumsete gitarriff og grunntonar, elektronisk mørker og bygdefunk. Det er rom for alt, så lenge det kling bra og bles liv i bygda.
Visjonen til Gaukenfestivalen er like mykje sosial som kunstnarisk. Festivalen skal vere ein inkluderande møteplass – for ungdom og besteforeldre, innflyttarar og utflyttarar, turistar og telemarkingar. Den blir driven fram av frivillige hender, skaparlyst og ei felles tru på at musikk og fellesskap går hand i hand, akkurat som Mjonøy og kveitebakst.