Vinje ligg nett der du trur det ligg: i tjukkaste Telemark, midt mellom dei største byane i Sør-Noreg, tett på naturen.
Gauken blir arrangert på og ved kulturhuset Vinjar - berre eit mjølkespannkast frå E134, ein av dei viktigaste og eldste ferdselsårene mellom aust og vest i landet. Festivalcampen ligg tett på sjølve festivalområdet, og det finst private overnattingsmoglegheiter i nærområdet. Sjekk til dømes Airbnb eller ta kontakt med nokon du kjenner (eller vil bli kjend med). For tilreisande er det òg mogleg å bu på ei rekkje campingplassar og hotell i nærleiken (sjå lenkjer lenger ned på sida). Det vil bli sett opp bussar til og frå festivalområdet, så dette kan vera eit godt alternativ for festivalgjester som ønskjer ei meir roleg og komfortabel festivalhelg.
-
BUSS FRA OSLO OG BERGEN
Frå Oslo, Bergen og Haugesund går Haukeliekspressen fleire gonger dagleg. Det er berre å stige av halvvegs på reisa: i Vinje.
14.aug - Bergen - Vinjar
08:25. - 13:58
09:20 - 16:57
15.aug - Bergen - Vinjar
06:25 - 13:58
_____________
14.aug Oslo - Vinjar
10:35 - 15:03
13:55 - 18:13
15.aug Oslo - Vinjar
10:30 - 15:30
______________
TOG TIL BØ - BUSS VIDERE
Ein kan òg ta tog til Bø i Telemark og buss vidare derfrå. Sjekk i så fall entur.no for oppdaterte ruter og tidtabellar.
______________
FESTIVALBUSSEN
Festivalbussar vil gå til og frå knutepunkt i området (Åmot, Dalen, Vågslid-Edland, Vierli-Rauland). Kort sagt: det skal vere enkelt å ta turen, enten du kjem frå Bergen, Oslo eller bak ein fjellknaus.
______________
PARKERING
Det er ingen parkeringsplassar for festivalgjester ved festivalområdet. Parkeringsplassar på Vinjar er reservert for frivillige på arbeid, folk på festivalcamp og HC parkering.
I staden for parkering brukar me plassen til busshaldeplass og kyss&køyr (på- og avstiging). Festivalgjester kan parkere ved Statkraft (Uen) ca. 1,5 km mot aust. Det blir skilta gangtrasé heile vegen til festivalen. Ikkje gå langs E-134!
Gangtraseen passerer fleire jorde der det blir dyrka dyrefôr. Ver venleg og ikkje kast søppel, og i alle fall ikkje øl- eller brusboksar! Det kan vere fatalt for dyra. Bruk heller renovasjonspunkta som me set opp langs gangvegen, eller ta boksen med heimatt.
-
Dette bør festivaldeltakarar ha med seg
· Billett (digital eller utskriven), slik at du slepp inn!
· Klede etter vêrmeldinga
· Dersom det regner så må du ta med regntøy. Me delar ikkje ut poncho.
· Bankkort
· God humør!
· Dersom du skal bu på campe så kan det vere lurt å ta med ladestasjon.
· Dersom du vil vera med på aktivitetar så bør du ta med det som trengs for aktiviteten.
Sjå alle aktivitetar her
Dette kan du godt leggje att heime:
· Medbrakt mat og drikke (barnemat er ok)
· Flasker
· Paraply
· Selfiestong eller likande stenger
· Utstyr for lydopptak
· Særleg brannfarlege væsker eller gjenstandar
· Dyr
· Drone og profesjonelt kamerautstyr utan avtale
-
Godt spørsmål! Den superlokale Vinjesvingen Handel ligg så kloss på festivalområdet som det er mogleg å koma i Vinje. Større butikkar ligg i Edland/Haukeli mot vest og i Åmot mot aust. I Åmot finst òg eit av landets hyggelegaste vinmonopol.
-
Ja!
OG du kan nytte Oslo Badstuforening sin sauna.
Book ei tid for Skogsbad eller Urtebad her. Oslo Badstuforening
Vil du bade på ekte sandstrond?
Sandnes ligg 3 minuttar køyring frå festivalområdet mot Åmot.
Merka på festivalkartet under.
-
Festivalcampen ligg eit vengjeslag frå festivalområdet. Sjå neste punkt for kvifor festivalcamp er ein god idé.
Kaup billett til festivalcampen
Innanfor ein radius av 40 km, både mot aust og vest, finn ein campingplassar, hotell og hytter. Sidan me sikrar festivalbuss til Edland/Haukeli/Vågsli, Rauland/Vierli, Åmot og Dalen så er det fleire gode alternativ for overnatting. Sjekk destinasjonanes heimesider
-
Alle med billett er velkomne på Gaukenfestivalen, uansett om du er liten eller stor!
Mindreårige (under 18 år) må ha følgje med ein verje. Kvar verje kan ha med seg 3 mindreårige. Vilkår for å vere verje:
· Over 25 år eller føresett til den mindreårige
· Skal ha oppsyn med den mindreårige gjennom heile opphaldet
· Skal ikkje vere rusa, og skal sjå til at den mindreårige heller ikkje drikk alkohol.
· Verja må signere ei verjeavtale og vere tilgjengeleg på telefon.
Dersom eitt eller fleire av vilkåra blir brote, så kan både verja og den mindreårige bli vist bort frå festivalområdet.
Gratis opp til 12 år.
-
Folk med nedsett funksjonsevne kan ha med seg følgjeperson (ledsagar) med følgjepersonbevis. Personen med følgjepersonbevis må vera med når følgjepersonen hentar armbandet sitt.
Både inne og utescenene er tilgjengelege for rullestol. Handikaptoalett er inne på Vinjesenteret og er fritt tilgjengeleg når Vinjesenteret er ope. Etter Vinjesenterets stengetid vil ein frivillig sleppe personar som må nytte handikaptoalett inn, ein kan også nytte handicap toalettet på Kyrkjekontoret. Ta kontakt med ein frivillig!
Nedsett funksjonsevne treng ikkje vere eit hinder for å vere friviljug. Med deg gjerne på her, og sei i frå om kva type arbeid du kan bidra med.
Kom gjerne med tips til korleis me kan tilrettelegge endå betre.