TRANSPORT
Ein kan òg ta tog til Bø i Telemark og buss vidare derfrå. Sjekk i så fall entur.no for oppdaterte ruter og tidtabellar.
Frå Oslo, Bergen og Haugesund går Haukeliekspressen fleire gonger dagleg. Det er berre å stige av halvvegs på reisa: i Vinje.
Festivalbussar vil gå til og frå knutepunkt i området (Åmot, Dalen, Vågslid-Edland, Vierli-Rauland). Kort sagt: det skal vere enkelt å ta turen, enten du kjem frå Bergen, Oslo eller bak ein fjellknaus.
Det er høve til å sleppe av og hente festivalgjester utanfor inngangen til festivalområdet. Det er diverre ikkje parkering for privatbilar ved festivalområdet. Næraste parkering er ved Sandnes. Herfrå er det mogleg å gå til festivalområdet, via prestegarden og på oversida av Vinje kyrkje. NB! Ikkje gå langs E134/hovudvegen!