Hopp til innhold
Gaukenfestivalen
Artistar
Billettar
Program
Info og overnatting
Festivalbussen
Aktivitetar
Om Gauken
Friviljug
Kontakt
Norsk
(0)
Cart (0)
Gaukenfestivalen
Artistar
Billettar
Program
Info og overnatting
Festivalbussen
Aktivitetar
Om Gauken
Friviljug
Kontakt
Norsk
(0)
Cart (0)
Artistar
Billettar
Program
Info og overnatting
Festivalbussen
Aktivitetar
Om Gauken
Friviljug
Kontakt
Norsk
Tilbake
GKR heiter faktisk Gaukur, og då må det sjølvsag bli islandsk hiphop på Gaukenfestivalen! GKR kjem frå Reykjavik, og med sine energiske liveshow, nyanserte produksjonar og engasjerande musikkvideoar, er han kjent for å sette islandsk rap på kartet. I
Vilde Tuv brukar eksperimentell pop til å skape nye, spennande musikalske landskap. Med eit lydbilete som vekslar mellom visesong, hardtrance og kammermusikk, dreg ho publikum inn i eit magisk og samlande fellesskap. På Gaukenfestivalen spelar Tuv i
Adama Janlo er ei stadig mindre skjult perle med internasjonalt potensial, og kanskje den mest kraftfulle og energiske soulstemma du nokon gong har opplevd. Den utselde albumslippkonserten for A Free Woman stadfesta endå ein gong at ho er ein artist
August Selnes fangar rommet med ei framføring som er like kraftfull som ho er nedtona. Med gitar, munnspel og ei røyst som treff, serverer han forteljingar som er melankolsk vare, hysterisk morosame og nådelaust ærlege.
Konsertane har hausta toppkrit
Diskjokate er ein vinyl-DJ som har djup kjærleik for varme grooves og tidlaus rytme. Ho spelar handplukka plater innan funk, soul og disco, og skapar ei dansande atmosfære der klassiske perler møter løynde skattar. Frå sveitte bassliner til silkemjuk
E-76 treng ingen introduksjon for Vest-Telemarkingar. Alle veit at detta legendariske, superlokale køntrirock-bandet leverer gørrgode, fengande og dansbare låtar med høg allsongfaktor, sjølv etter 35 år på vegen!
Gutane i GREAT NEWS kjem frå Bergen og spelar fabelaktig indie-rock. Dei har spela på ei rekke norske og utanlandske festivalar. Live-konsertane deires er magiske og snart kjem det ny musikk - rett til Gaukepublikumet!
Disco Paradiso er eit norsk klubbkonsept som dyrkar den svevande, varme og lett drøymande housen frå sein 80- og tidleg 90-tal. Me snakkar klassisk house, solbleika baleariske vibbar, nordisk disco og rytmar som får skuldrene til å sleppe taket og fø
MODU AND THE SHAKERS flyg inn frå Senegal via Danmark med energisk og spennande afro-musikk, og landar som ein fargerik flokk trekkfuglar midt i Gaukereiret. Det blir rytmer, energi og vestafrikanske vibes som me aldri før har opplevd ved breidda av
frå midt i Telemark og med røtar godt planta i Bøgrend - leverer rock'n'roll akkurat slik rock'n'roll skal vere: Rett fram, utan dill - og med full guffe! Nö Bull gjeng all in!
PUMPEGRIS spelar folkemusikk drivande, dansande - og med ein fot solid planta i notida. Her møtest slåttar og rap, kveding og fuzzgitar i eit utrykk som både kjennest kjent og nytt. Resultatet er tett, groovy og med ei tydeleg nerve.
SINSENFIST - leverar 100% blodseriøs og uhøgtidleg gangster-rap, med innslag av femstemt song, funk og vaibing. Karane i kanskje Noregs beste hiphop-band spelar alt av instrument og kjem til å få Gauken til å lette!
SKATEBÅRD har base ved ein vestlandsfjord, der han blandar gamal rave og house med synthpop og italo-disco. Blandinga har han tatt med seg over fjorden på turné i Europa, Asia, Australia - og til tjukkaste Telemark så klart! Det skal dansast!
SYMRE spelar på Gauken i 2026! Morgedalsjenta tok Bylarm og @villvillvest med storm tidlegare i år. Ho dreg inn prisar og stipend frå aust og vest, og på nyåret kjem det ny musikk! Me gledar oss 🤩 @symre.musikk
ÆVESTADEN (NO/SE) lagar moderne folkemusikk, med lange koralar, moderne tekstar, poplåtar og eit ljodbilet som verken er redd for det klare, skitne, elektroniske eller tradisjonelle. @aevestaden
KENNETH LIEN &  CENTER OF THE UNIVERSE Når folkemusikaren Kenneth Lien @nightmasta flyg i lag med multikunstnaren Center of the Universe @counivers blir resultatet leiken folkemusikk fullstappa av energi og energiske rytmar fullstappa av harding-slåt
DJ Sissyfus er òg kjent som Center of the Universe, eller Jørgen Skjulstad. Ikkje berre opptrer han med eigen musikk på Gauken. Han er også ein garva DJ som har stupa ned i miksturen av internasjonal folkemusikk, elektronisk musikk og norsk tradisjon
Norsk klubb! Rulefinn og DISCO har flydd i lag i over 25 år. I tillegg til å ha klokka eit fire-sifra tal med gigs i både inn- og utland, har han òg etablert seg som ein svært habil produsent med labels som Whiskey Disco, UntzUntz og FINNITUS.

Setta
Aldri vore på konsert med Microbandet? Skandale! Gaukenfestivalen tek ansvar og inviterer både store og små til både bingo og konsert! Kjersti Døssland og Brit Aksnes skapar høg trivselsfaktor, både for sjølve seg og publikum med å radbrekke andres l