Superslow

Her er ein skikkeleg godbit for rockepublikummet! Superslow har sidan oppstarten i 2020 vakse fram som eitt av dei mest spanande namna på den norske indierockscena. Frå hjartet av rockebyen Bergen leverer dei ein eksplosiv miks av fargerik fuzzpop, skitten garasjerock og pønkete attityde!
På scena under Gauken kjem Superslow verkeleg til sin rett. Med smittande speleglede, høg intensitet og eit driv som knapt slepp taket frå første til siste låt, har dei bygd seg eit rykte som eit av landets mest overtydande liveband. Me gler oss!