GKR

Det måtte berre skje: Gauken kunne ikkje opne utan å invitere Gaukur.

Bak artistnamnet GKR finn du Gaukur frå Reykjavík; ein av dei mest spennande profilane på den islandske rapscena. Med eksplosive livekonsertar, nyanserte produksjonar og visuelt sterke musikkvideoar har han skapt eit heilt eige uttrykk og vore med på å løfte islandsk hiphop ut til eit internasjonalt publikum.

Til Gauken kjem han saman med landsmannen Smjörvi, og dei lovar ei konsertoppleving med høg energi, tunge beats og den heilt særeigne islandske attityden. Dette blir ei sjeldan moglegheit til å oppleve noko av det mest spennande som rører seg i nordisk rap akkurat no.