💌 Når får du svar?

  • Når du har meldt deg som friviljug, får du ei stadfesting på e-post 💛

  • Basert på vala dine jobbar me med å plassere friviljuge i grupper fra mot festivalen

  • Du vil bli sett i kontakt med gruppeleiaren din i juni. Skift kjem slutten av juli / starten av august

  • Vi gjer vårt aller beste for å gje deg førstevalet ditt, men sidan det er ulik kapasitet og behov på dei ulike gruppene så kan me ikkje love at alle blir plassert på fyrstevalet.

  • Difor håpar vi at du er like gira på alle dei tre toppvala dine 😉

🎁 Kva får du som friviljug?

  • Festivalpass – full tilgang til heile festivalen 🎶

  • Gauken-merch 🐦

  • Mat når du er på jobb

  • Friviljugsamling i framkant av festivalen

  • Friviljugfest etter festivalen 🎉

⏰ Når og kor mykje jobbar du?

  • Når du melder deg på, vel du sjølv dagar og tidsrom du kan jobbe

  • Måndag–torsdag: Opprigg av festivalen

  • Fredag–laurdag: Avviklingsdagar (festival i full gang!)

  • Søndag–tysdag: Nedrigg og opprydding

  • Du må jobbe minimum:

    • 2 dagar i forkant/etterkant av festivalen, eller

    • 1 avviklingsdag

  • Skiftlengda varierer frå gruppe til gruppe, så gje oss ein peikepinn på kva tidsrom du er tilgjengeleg i søknaden

🤝 Kva forventar Gauken av deg?

  • At du møter opp til skifta dine

  • At du melder frå i god tid dersom noko uføretsett skjer, slik at gruppeleiar kan omorganisere

  • At du brukar Gauken-t-skjorta når du er på jobb (og tek ho av når du har fri)

  • At du held deg edru og rusfri på jobb

  • At du møter folk med eit smil – og hugsar å kose deg 😄