Nö Bull
Nö Bull frå Midt-Telemark (og Bøgrend) leverer rock’n’roll slik han skal vere: rett fram, utan dill, og med full guffe. Her er det rytmeseksjon som legg eit bunnsolid fundament, medan to gitarar hamrar laus med enkle, men sylskarpe riff, toppa av ein vokal som fresar som ein gammal V8 på høggir.
Dette er ikkje eit band som tek lett på oppdraget sitt. Nö Bull går all in med livet som innsats for å få det til å svinge skikkeleg. Resultatet? Publikum som slit med å stå i ro og ein konsert som luktar sveitte, øl og rein spelglede.
Bandet vart danna i 2018, med eitt tydeleg mål: å tene rock’n’rollen, der rytme, enkelheit og rein attitude driv maskineriet framover utan nåde.
Kort sagt: Dette er ikkje noko tull. Dette er Nö Bull.