Modu and the shakers
Vestafrikanske rytmar til Vinje! Det dansk-senegalesiske afrobandet Modu and the Shakers kjem dundrande inn med seks mann på scena og eit driv som får bakken til å vibrere. Dei blandar eit friskt, moderne lydbilete med den gledespreiande krafta frå storbanda i Mali og Senegal som vaks fram etter sjølvstende på 60- og 70-talet.
Resultatet? Ein eksplosjon av rytmar, dansbar energi, trommesoloar som smell, og eit massivt tilskot av vestafrikanske vibes som kjem til å løfte Gauken frå bakken.