Skatebård
Skatebård er ein norsk DJ, produsent og musikar innan elektronisk musikk, opphavleg frå Ørsta og busett i Bergen. Sidan debuten Skateboarding Was a Crime (In 1989) i 2002 har han gitt ut ei rekkje album, eit tyvetals vinyl-EP’ar og eit stort tal remixar.
Han har spela tre Boiler Room-sett, nær hundre DJ-sett ligg ute på SoundCloud, og dei siste ti åra har han turnert vidt og breitt i Norden, Europa, Australia og Asia. Skatebård er kjend for ein særegen miks av gammal rave og house, synthpop og italo-disco; alt i ei kosmisk ferje godt på veg mot det ytre rom. Neste ferjeleie: Gauken!