Great News

Great News er ei av dei verkeleg store norske indiepop-gledene på lang, lang tid. Eit band med eit eigendrive, euforisk lydbilete og eit samspel som treff publikum rett i belønningssenteret. Etter to særs vellykka utgivingar, skamrost av både kritikarar og fanskare, kjem snart det lenge etterlengta tredje albumet.

Trioen er kjent for magiske liveopptredenar der energi, varme og melodiske refreng smeltar saman til reine lydlege klimaks. Med ein katalog full av fengande låtar og eit scenetekke få andre kan matche, er Great News ei av dei opptredane på Gauken ein berre ikkje kan gå glipp av!

Next
Next

Modu and the shakers