Adama Janlo
Adama Janlo eig scena frå fyrste sekund. Med ein smittande energi formidlar ho blues- og neo soul-låtar både intenst og sårbart. Merk deg namnet! Dette er ein musikalsk supernova i støypeskeia som skin sterkare og sterkare for kvar dag! Me kan love at denne konsertopplevinga blir verande lenge etter seinste tone har landa.