SØSTRE

Søstre er ein bergenskvartett som sidan 2018 har levert kompromisslaus, aggressiv og pønkete black'n'roll. Med røter i black metal, punk og skitten rock'n'roll har dei skapt eit uttrykk som både er rått, fengjande og fullt av energi.

Søstre er eit band som trivst aller best på scena. Med sterke låtar, eit gjennomført visuelt uttrykk og eit intenst liveshow tek dei publikum med på ei konsertoppleving der høgt tempo og smittande speleglede går hand i hand.

Er du ute etter ein konsert som sparkar frå seg og blir sitjande att i kroppen lenge etterpå, veit du kvar du skal vere.